Heilt andre tider

Fusa 1900-2000

band I

av (forfatter).

Fusa kommune og Vigmostad & Bjørke 2003 Innbundet

1 bokelsker følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Boka fortel om endringane i fusabygdene dei siste 100 åra - frå eit samfunn der det var den gamle bondekulturen sine normer og ideal som rådde, til nye former for bygdeliv ved årtusenskiftet. Dette bandet tek for seg kvardagsliv og levekår. Med litteratur- og kjelderegister.

Omtale fra forlaget

Fusa har fått ei ny bygdebok. Det skal koma to kulturhistoriske band forperioden 1900-2000. Bokverket har fått tittelen "Heilt andre tider". Første bandet er no i handelen. Det tek for seg det næraste og mest grunnleggjande: kvardagsliv og levekår. Mykje av dette stoffet er ålment og noko lesarar også frå andre stader og bygder vil kjenna seg att i.
Korleis var det å driva gard i Fusa for 50 år sidan, eller vera på brislingfiske på 1930-talet? Når kom straumen, og korleis ordna ein klesvasken før vaskemaskina si tid? Kva var Sævareid Karton- og Papfabrik, og korleis vart Fusa ein fiskeoppdrettskommune?

Det første bandet fortel om endringane i fusabygdene dei siste 100 åra - frå eit samfunn der det var den gamle bondekulturen sine normer og ideal som rådde, til nye former for bygdeliv ved tusenårsskiftet.

Folk i Fusa har delt raust av minne, kunnskapar og levd liv, og bilete og dokument frå fotoalbum og skuffer. Boka gjev såleis eit godt innblikk i hendingar og levemåte i
Fusa og Midthordlandsbygdene dei siste hundre åra.

Boka er på 416 sider fullfargetrykk, har mest like mange foto, og er kledd i ein sprek bokbunad. Det er blitt ei praktbok, men også ei bok spekka med gode historiar, lokalhistorisk kunnskap og kulturhistorisk innsikt.
Band to kjem hausten 2004 og tek for seg det sosiale
og kulturelle livet, kommunikasjonane og styre og stell.

Dei nye bygdebøkene for Fusa er ført i pennen av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes f. 1964. Ho er opphavleg vossing, men har vore busett i Fusa frå 1992. Forfattaren har bakgrunn frå m.a. journalistikk og museumsfordmidling.

Bokdetaljer

Forlag Fusa kommune Vigmostad & Bjørke

Utgivelsesår 2003

Format Innbundet

ISBN13 9788241902963

EAN 9788241902963

Omtalt tid 1900-tallet

Omtalt sted Hordaland

Språk Nynorsk

Sider 416

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

1 bokelsker følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket