Haustsong

dikt

av (forfatter).

Gyldendal 2021 E-bok

Gjennomsnittlig terningkast: 4.00 (1 terningkast.)

4 bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Hans Sande debuterte med diktsamlinga Strime i 1969, og i ein rik forfattarskap som omfattar bøker i dei fleste sjangrar, er Haustsong den sjette diktboka. Dikta er sprelske og slagkraftige, prega av overskot og rik fabuleringsevne. Haustsong femner eit livsløp, gjennom leik og arbeid, i sorg, fortviling og glede. Med fyndig humor og eit vake blikk for det omskiftelege i naturen så vel som i menneska, skriv Sande om fødsel og oppvekst, om gaukesyre og stjernehimmel, om ljåslått og skeiseløp, om språkglede og springeglede, om å gå seg vill og å finne heim. Her er dikt om kjærleik og samliv på det beste og på det verste; frå nærleik og sødme til sviande smerteblomar, frå varme kyss til iskald togn. Det er dikt om livet på veg mot ein endeleg slutt, med skildring av den uunngåelege aldringsprosessen og det ukjende som ventar, med dødsangst så vel som dødsro. Forfattaren er alltid på leit etter noko anna og ukjent, og i Haustsong har han funne det. Bokmeldarane meiner: "Om eg skal nemne to ting eg tenker som typiske kvalitetar ved Sandes dikt, er det for det første at dei er eksistensielt vågale. På sitt beste viser dei livsmot og klokskap. Det andre er at dei ofte kan vere overraskande, gjerne på ein humoristisk måte." Stein Arnold Hevrøy, Krabben. Tidsskrift for poesikritikk "Sande har ein fin diksjon, og eit så sikkert grep om handverket sitt at ein i løpet av mest 100 sider knapt kan ta han for slappe idear eller svake språklege bilete. (...) Det er noko klassisk over Hans Sande si nye diktsamling. Dikta er verkeleg personlege utan å vera private. Og det er dikt som kan stå for seg sjølv me har med å gjera, sjølv om dei òg går opp i ein storstruktur med fem tematisk skilde avdelingar." Hadle Oftedal Andersen, Klassekampen

Bokdetaljer

Forlag Gyldendal

Utgivelsesår 2021

Format E-bok

ISBN13 9788205559912

EAN 9788205559912

Språk Nynorsk

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokelskeres terningkastfordeling

0 0 1 0 0 0

Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

SISTE DANS

Trekkspelmusikken durar gjennom aldersheimen
Personalet byr kvarandre opp til vals
Dei gamle sit langs veggen og ventar på Stones

Godt sagt! (2) Varsle Svar

FRAMLEIS

Eg speglar meg og stirer
forundra på meg sjølv
Framleis veks negler og hår
framleis pustar eg nok dogg på spegelen
til at eg kan skrive
eg elskar deg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

4 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket