Omtale fra forlaget
Handbok i lokalhistorie gir rettleiing i korleis komme seg i gang med lokalhistorisk forsking og studium. Den viser korleis gjennomføre ei undersøking, med orientering i litteratur, publiserte kjelder og ulike kategoriar primærkjelder i arkiv, samlingar og museum. Det blir også gitt innføring i ulike metodar for å skape kjeldemateriale sjølv. Hovuddelen av boka er inndelt i tematiske kapittel som tar for seg ulike nivå eller storleikar for lokalhistoriske undersøkingar, frå enkeltindividet og familien, hus og inventar, til grend, bygd, by og region, og til sist grensekryssande eller samanfletta lokalhistorie. Breie forskingsspørsmål relatert til tematikkar som har vore sentrale i lokalhistorisk forsking, blir presentert. For kvart forskingsspørsmål er det skissert aktuelle kjelder og metodar for å finne svar. Dette er tenkt som ein idébank for studentar og forskarar som skal i gang med lokale undersøkingar. Denne handboka er skrive med tanke på studentar og forskarar, men vil også vere til hjelp for dei som definerer seg som lokalhistorikarar eller hobbyforskarar.
Forlag Cappelen Damm akademisk
Utgivelsesår 2025
Format Heftet
ISBN13 9788202767143
EAN 9788202767143
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket