Omtale fra forlaget
Haldningsdanning høyrer med til dei grunnleggande oppgåvene i norsk skule. I denne boka drøftar forfattaren dei pedagogiske ideane som haldningsdanning kan relaterast til, altså metodeprinsippa som er aktuelle i pedagogisk verksemd.
Første del er ein innleiande presentasjon av spørsmål som: Kva er ei haldning? Kva er haldningsdanning i pedagogisk kontekst? Kva slags påverknad bør vi tale om i pedagogisk samanheng? I neste del går forfattaren inn på meir om kva vi forstår med metodeprinsipp, presenterer teori om dialog og kommunikasjon og gir ein kort presentasjon av undervisningsprinsipp. Vidare drøftar han kva kunnskap betyr i haldningsdanning, og stiller spørsmål om kva som eigentleg er føremålet med metodar i pedagogisk verksemd. Del tre inneheld ein gjennomgang av seks metodeprinsipp rundt haldningsdanning i pedagogisk arbeid illustrert med eksempel. Del fire er ein gjennomgang av meir bakgrunnsstoff frå pedagogikkens nabofag og deldisiplinar, også saman med idear til metodisk tenking.
Jostein Sæther er professor emeritus i pedagogikk ved NLA Høgskolen.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2024
Format Heftet
ISBN13 9788234008054
EAN 9788234008054
Språk Nynorsk
Sider 175
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket