Omtale fra forlaget
Opprivande og oppriktig om spontanbort.
eg trudde ein positiv test var bevis på liv
det stemmer ikkje
som lyset frå stjernene brukar teikna tid på å nå oss
utviklinga kan allereie ha stoppa
hcg i kroppen som stjernestøv
som Schrödingers katt er du både død og levande
eg står heilt stille
livredd for å opne boksen
For eget i denne diktsamlinga er det ikkje
noko problem å bli gravid - utfordringa er
å halde på barnet. For barnet blir verkeleg,
nesten med det same eget ser dei to strekane på
graviditetstesten. Eit liv og ei framtid ho mister
gong etter gong. Kvifor er det så vanskeleg å
bli mor når det er så lett å bli gravid? For eget
er det blodig alvor, kvart liv som ikkje blir. For
helsevesenet er det daglegdags. For lesaren er
det eit viktig innblikk i ein situasjon mange
kvinner står i, men som enda fleire veit lite eller
ingenting om.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788234006210
EAN 9788234006210
Språk Nynorsk
Sider 81
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket