Omtale fra forlaget
Dette er det andre bandet av fire i Hå kulturhistorie. Til skilnad frå fleire bøker om lokalhistorie har dette verket eit breiare perspektiv: å syna kommunen sin identitet og lokale mentalitet. Men dette er ikkje faste storleikar, dei er omskiftelege etter tid og etter kven sine auge som ser. Identitet og mentalitet veks fram i det levde liv som eit møte mellom den eine og dei andre, mellom den vesle og store verda, mellom natur og kultur.
Dette bandet byrjar med eit breitt oversyn over garden Aniksdal, som eit døme på ei 6000 år lang utvikling. Deretter fylgjer forteljinga om framveksten av Hå-samfunnet frå 1000-talet til om lag 1814 - om håbuen, jorda og maktene, om konge og kyrkje, odelsbonde og leiglending, om fiske og jordbruk, og kva som batt samfunnet saman, bygdestyre og statsmakt - og om pest og sjukdom. Deretter kjem kapittel om stadnamn og personnamn. Bandet sluttar med eit oversyn fram til om lag 1870 - om kampen mot djevel og det fordervelege og om den nye tida for jordbruket.
Forlag Akademika
Utgivelsesår 2013
Format Innbundet
ISBN13 9788232102297
EAN 9788232102297
Serie Hå kulturhistorie. Band 1-4 (2)
Omtalt tid Middelalderen 1800-tallet 1700-tallet 1600-tallet
Omtalt sted Rogaland
Språk Nynorsk
Sider 453
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket