Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er først og fremst laga for bibelstudiet i allmennlærarutdanninga, men den kan også vere aktuell for andre som ønskjer ei innføring i historiske og litterære sider ved Bibelen. Boka presenterer bakgrunnskunnskap og innhaldsmoment frå begge testamenta og frå dei apokryfe skriftene. Med litteraturliste, ordforklaringar og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Gudsord og menneskeord er først og fremst laga for bibelstudiet i den nye allmennlærarutdanninga. Mykje av stoffet vil også vere aktuelt for visse folkehøgskolekurs, i førskulelærerutdanninga, i vidareutdanning av lærarar og for andre interesserte som ønskjer ei elementær innføring i historiske og litterære sider ved Bibelen. Boka presenterer bakgrunnskunnskap og innhaldsmoment frå begge testamenta og frå dei apokryfe skriftene. Lærerplanen for KRL-faget i grunnskulen, og dermed også den nye rammeplanen for lærarutdanninga, framhevar tverrfaglege aspekt m.a. i høve til estetiske uttrykk og den påverknadskrafta Bibelen har hatt i kulturen. Ei utførlegare tematisering av desse aspekta høyrer inn under "Kristendommens historie", men denne bibelkunnskapsboka gjev somme smakebitar. I rammer i teksta finn lesaren dikt, salmevers og andre sitat hovudsakeleg frå skandinavisk litteratur som meir eller mindre tydeleg relaterer seg til bibeltekstene eller temaet som vert gjennomgått i det aktuelle avsnittet. I tillegg til kart, figurar og fotografi, er kvart av dei ni kapitla også utstyrte med ei ny teikning av Rita Backer Hjorthaug. Som "bruer" frå sjølve fagstoffet til den norske skulekvardagen har boka også ein del didaktiske avsnitt. Desse knyter trådar til læreplanen, og gjev stundom konkrete tips til arbeidet med Bibelen i grunnskolen. Per Halse er cand.theol. og høgskulelektor og har undervist i lærarutdanninga ved Høgskulen i Volda sidan 1991.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 1999
Format Heftet
ISBN13 9788276743562
EAN 9788276743562
Språk Nynorsk
Sider 342
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket