Omtale fra forlaget
For første gong på norsk ein omfattande antologi med moderne lyrikk fra Irland:
Thomas Kinsella, Richard Murphy, John Montague, Seamus Heaney, Michael Longley, John F.Deane, Eavan Boland, Eva Bourke og Pat Boran.
Ni sentrale engelskspråklege poetar frå "den grøne øya" - eit land der poesien gror sterkt og i ulike retningar. "Det irske" er overbevisande til stades, og når ein ser på det litterære landskapet i fugleperspektiv, er dette eit heilt anna land enn til dømes England som har ein meir akademisk prega litteratur.
Her er irsk natur, folkeliv, historie, og for ein norsk lesar er det dessutan slåande i kor stor grad forteljinga lever i denne lyrikken.
Gjendiktarane Knut Ødegård og Jostein Sæbøe, har utstyrt boka med eit etterord som gjer klåre riss av utviklinga av den irske lyrikken - ei stor dikting som trer fram innanfor Irlands dramatiske historie..
Forlag Cappelen
Utgivelsesår 2005
Format Innbundet
ISBN13 9788202233402
EAN 9788202233402
Språk Nynorsk
Sider 272
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket