Omtale fra forlaget
Ved midnatt mellom 13. og 14. juli 1927 la båten "Hird" frå land i Ålesund med seks fangstmenn ombord. Dei var klare for å erobre ukjende jaktområde på Nordaust-Grønland, og få oppfylt draumane sine om rikdom. Men alt gjekk ikkje heilt etter planen. Eitt år vart til to, og dei fekk prøve ut eigne grenser både fysisk og psykisk gjennom ugjestmilde møte med vintervêr. Ein av mennene var Jonas Karlsbakk frå Mauseidvågen. Kvar dag i åra han overvintra i Eirik Raudes Land skreiv han i dagboka si. Fullskrivne kladdebøker med vêrobservasjonar og dokumentasjon over hendingar. Dette gjev eit levande bilete av kva fangstmennene gjorde på Grønland og korleis dei overlevde i åra frå 1927 til 1930. I 1990 var dottera, Turid Karlsbakk, så heldig å få vere med eventyraren Ragnar Thorseth på det som vart annonsert som "ein fotosafari i spora etter dei gamle fangstmennene på Nordaust-Grønland". Dette vart hennar livs seglas. Boka er rikt illustrert med bilete både frå Jonas og Turid Karlsbakk sitt opphald på Grønland.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2012
Format Innbundet
ISBN13 9788282400558
EAN 9788282400558
Omtalt tid 1900-tallet
Omtalt person Turid Karlsbakk Jonas Karlsbakk
Språk Nynorsk
Sider 101
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket