Omtale fra forlaget
GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag, matematikk og engelsk på grunnleggande nivå. Verket dekker kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Matematikk gir deltakarane basiskunnskapar i matematikk og dekker kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Eksempel på emne er: positive og negative tal, bokstavrekning, brøk, desimaltal og prosent, likningar, funksjonar, geometri, statistikk og sannsyn, mål og økonomi. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 3 Matematikk som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjing til morsmålet. I lærarrettleiinga finn læraren supplerande oppgåvemateriell til nedlasting, dessutan tips til undervisninga. Forfattaren Grete Angvik Hermanrud har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har óg vore engasjert av Utdanningsdirektoratet for å utvikle eksamensoppgåver i matematikk for vaksne i grunnskoleopplæringa. Hermanrud er for tida knytt til Trondheim voksenopplæringssenter. Forfattar Liv Hermanrud er lektor i realfag med spesialisering i fysikk og matematikk. Hermanrud har undervisningserfaring med fleirspråklege elevar i realfag.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2019
Format Heftet
ISBN13 9788211024404
EAN 9788211024404
Språk Nynorsk
Sider 440
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket