Omtale fra forlaget
GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. GRIP 3 Naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i faget og dekkjer kompetansemåla etter 10. trinn i læreplanen. Boka er tydeleg delt i fire hovuddelar og er enkel å orientere seg i. Eksempel på emne i GRIP 3 Naturfag er: styringssystem, seksualitet, god helse, stoff, atom og grunnstoff, syrer og basar, organisk kjemi, økologi, naturressursar, biologisk mangfald, arv og miljø, lys og syn, universet og verdsrommet, elektrisitet, energi og fart og akselerasjon. Grip 3 Naturfag elevbok, d-bok er ein digital utgåve av papirboka. Med d-boken opnar det seg nye moglegheiter og den er tilpassa bruk på PC, Mac og nettbrett. Grip 3 Naturfag elevbok, d-bok har følgjande funksjonalitet: - Lyd - Utheving og notatar - Slå opp i ordbøker, søkemotorar og leksikon på nett - Lagre og skrive ut uthevingar og notat - Favorittmerke sider - Søkje etter ord eller frasar Sjå www.fagbokforlaget.no/d-bok for meir informasjon.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2018
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211024381
EAN 9788211024381
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket