Omtale fra forlaget
GRIP er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4., 7. og 10. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. GRIP basisfaga! GRIP fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grunnboka GRIP 2 Samfunnsfag og naturfag gir deltakarane basiskunnskapar i dei to faga, og dekkjer kompetansemåla etter 7. trinn i læreplanen. Boka er tydeleg delt i to og enkel å orientere seg i. Arbeidsboka GRIP 2 Samfunnsfag inneheld oppgåver til samfunnsfag. Eksempel på emne er: ressursar i Noreg og Europa, klima og miljø, lover og reglar i verdssamfunnet, demokrati og styresett, velferdssamfunnet, antikken, mellomalderen, opplysningstida. GRIP digitale ressursar På nettstaden til verket finn du GRIP 2 Samfunnsfag og naturfag som digital bok, der deltakaren vil finne støtte i lyd og omsetjing til morsmålet. I lærarrettleiinga finn læraren supplerande oppgåvemateriell til nedlasting, dessutan tips til undervisninga. Forfattaren Ingrid Værum Larsen har lang erfaring med undervisning av vaksne innvandrarar. Ho har jobba med faga norsk, samfunnsfag og engelsk på grunnskule for vaksne og med norskopplæring for spor 1-elevar. Værum Larsen er for tida knytt til Johannes Læringssenter i Stavanger.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2018
Format Heftet
ISBN13 9788211029973
EAN 9788211029973
Språk Nynorsk
Sider 178
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket