Omtale fra forlaget
GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggande nivå.
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i læreplan i samfunnsfag for førebuande opplæring for vaksne. Boka har åtte kapittel: 1 Verda, 2 Reiser og digitale verktøy, 3 Familiar, 4 Samfunn, 5 Menneskerettar, 6 Demokrati og deltaking, 7 Utdanning og 8 Arbeid.
Dette kjenneteiknar GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok
Kvart kapittel inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel
Oppgåver etter kvar tekst gir rom for lesetrening og refleksjon
Språkleg nivå tilpassa målgruppa
Enkle setningskonstruksjonar
Nesten utelukkande bruk av presens-setningar
Moderat mengde fagomgrep
Boka er gjennomillustrert med fotografi, kart og andre illustrasjonar. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om.
GRIP 1 Samfunnsfag består av
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok (også som brettbok med innlesen lyd)
GRIP 1 Samfunnsfag Arbeidsbok
Nettressurs
Forfattarane Ingrid Værum Larsen og Mari Høivik har begge lang erfaring med undervisning av vaksne minoritetsspråklege. Værum Larsen har dei siste åra jobba som lærar i særskild norsk ved Kristianslyst ungdomsskole i Stavanger, og Høivik underviser ved Arendal voksenopplæring.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2023
Format Heftet
ISBN13 9788211046093
EAN 9788211046093
Språk Nynorsk
Sider 155
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket