Omtale fra forlaget
GRIP naturfag 1 grunnbok dekker kompetansemåla etter modul 1 i læreplan i naturfag for førebuande opplæring for vaksne (FOV). GRIP naturfag 1 grunnbok har sju kapittel: 1 Kroppen, 2 Helse, 3 Kosthald, 4 Livet i naturen, 5 Årstider, 6 Menneske og naturen, 7 Stoff og temperatur. Kvart kapittel har ein hovuddel og ein fordjupingsdel. Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om. Forfattarane Tove Haugsland og Stian Hermann Røst underviser vaksne innvandrarar i naturfag ved Johannes Læringssenter i Stavanger. GRIP er eit læreverk for vaksne minoritetsspråklege som får opplæring i norsk, engelsk, samfunnsfag, naturfag og matematikk på nivået under vidaregåande. Verket kombinerer fag og språkopplæring. Verket består av grunnbok og arbeidsbok til kvar modul, i tillegg til GRIPportalen, ein digital portal for førebuande opplæring for vaksne (FOV). GRIP presenterer fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skolebakgrunn frå heimlandet. Læreverket tar utgangspunkt i praktisk språkbruk og legg vekt på kvardagssituasjonar, studium og yrkesliv.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2024
Format Heftet
ISBN13 9788211047939
EAN 9788211047939
Språk Nynorsk
Sider 147
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket