Omtale fra forlaget
I arbeidsboka til Grip 1 Matematikk er alle arbeidsarka som du finn i den digitale utgåva av hovudboka samla mellom to permar. Boka er spesialisert. Grip er eit læreverk for vaksne innvandrarar som får opplæring i samfunnsfag, naturfag og matematikk på grunnleggjande nivå. Verket dekkjer kompetansemåla etter 2., 4. og 7. trinn i læreplanane etter Kunnskapsløftet. Grip fokuserer på å presentere fagstoff på ein enkel måte. Språket er tilpassa vaksne deltakarar med lite skulebakgrunn frå heimlandet. Det visuelle uttrykket er ryddig og enkelt, med variert bruk av foto og teikningar. Grip 1 Matematikk gir deltakarane basiskunnskapar i matematikk og dekkjer kompetansemåla etter 2. og 4. trinn i læreplanen. Døme på emne: tal, dei fire rekneartane, tid, mønster og former, økonomi, mål og statistikk. Grip digitale ressursar På nettstaden til verket finn du digitale ressursar til GRIP 1 Matematikk. Læraren finn supplerande oppgåvemateriell til nedlasting og tips til undervisninga.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2016
Format Spiral
ISBN13 9788211024251
EAN 9788211024251
Språk Nynorsk
Sider 244
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket