Omtale fra forlaget
GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok dekker modul 1 i Forsøkslæreplan i samfunnsfag for forberedende voksenopplæring. Verket presenterer fagstoffet på ein enkel måte, og språket er tilpassa vaksne med lite skulebakgrunn. GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok er ein revisjon og kjem med splitter nytt innhald fordelt på åtte emne: 1) Verda 2) Noreg og Norden 3) Samfunn 4) Familiar 5) Menneskerettar 6) Demokrati og deltaking 7) Utdanning 8) Arbeid. Kvart emne inneheld av ein hovuddel og ein fordjupingsdel. Emnestrukturen hjelper læreran å tilpasse og differensiere undervisninga. Det er tilstrekkeleg for deltakarane å arbeide med hovuddelen i det enkelte emne om målet er å nå kompetansemåla. Om nokre deltakarar treng ei ekstra utfordring, kan tekstane i fordjupingsdelen bidra. Tekstane går gjerne utanfor rammene til hovuddelen og presenterer både caser og anna fordjupingsstoff. Fordjupingsdelen gir dessutan læraren fridom til å legge opp til ekstra arbeid med emne som klassen interesserer seg ekstra mykje for. Dette kjenneteikner GRIP 1 Samfunnsfag Grunnbok Kvart emne inneheld ein hovuddel og ein fordjupingsdel Oppgåver etter kvar tekst gir rom for lesetrening og refleksjon Språkleg nivå tilpassa målgruppa: Enkle setningskonstruksjonar Nesten utelukkande bruk av presens-setningar Moderat mengde fagomgrep Gjennomillustrert med fotografiar, kart og andre illustrasjonar Gjennomgangsfigurar gjer stoffet deltakarnært og enklare å snakke om
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2023
Format Digital ressurs
ISBN13 9788211046109
EAN 9788211046109
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket