Omtale fra forlaget
Grammatikarar er språkmekanikarar, og arbeid med grammatikk handlar om å forsøke å finne ut korleis språkmaskineriet fungerer, kva komponentar det har, og korleis dei verkar saman.
Barn tileignar seg grammatikken i morsmålet sitt heilt knirkefritt. Vi vil spørje korleis ein kan vekke interesse for innsikt i språkstruktur, og korleis ein kan leggje opp til undring og utforsking av sitt eige morsmål, slik at grammatikkundervisninga blir spennande. Kunnskap om norsk språkstruktur og omgrepsapparat omkring dette er grunnleggjande for mange område innanfor norskfaget, mellom anna lese- og skriveopplæring, norsk som andrespråk, talemål og nynorskdidaktikk.
Denne boka inneheld både grammatikk og grammatikkdidaktikk. Det mest sentrale vil vere å gi ei grunnleggjande innføring i faget grammatikk. Her vil vi leggje vekt på innlæring av grammatisk terminologi og analysemåtar. I tillegg vil vi gjennom heile boka diskutere korleis ein kan nærme seg dette emnet saman med elevar, og også kvifor dette er eit viktig emne, både i seg sjølv og som byggestein for andre emne i norskfaget.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788234003103
EAN 9788234003103
Språk Nynorsk
Sider 175
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket