Godt vaksen

kvinnheringar fortel og reflekterer over livet

av (forfatter) og Kristen Børje Hus (illustratør).

Multipleks design 2015 Innbundet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos norli.no! Kjøp ebøker og lydbøker på EBOK.NO Kjøp boka hos Akademika Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra forlaget

Godt vaksen er ei bok om eldre kvinnheringar, og deira historiar. Boka inneheld intervju med 12 kvinner og menn frå ulike delar av Kvinnherad, alle over 90 år. Dei fortel om liva sine; frå tidlege barneår, ofte i tronge økonomiske kår, til dei no er komne til skils år og alder. I samtalane med dei eldre prøver skribent Kristian Hus å få fram kva dei tenkjer om det som ligg bak dei, korleis dei vil ha det framover, og om det uunngåelege for oss alle; slutten. Kvar tekst vert akkompagnert av nye portrettfoto, samt små glimt frå kvardagen til dei eldre, som den er no.

Godt vaksen er boka for deg som er nysgjerrig på livet før og no. Du får vita korleis ein heil generasjon måtte klara seg i tjue- og trettiåra og inn i vår moderne tid. Gjennom desse historiane får du også refleksjonar over livet på godt og vondt. Du får tankar om menneskelege verdiar og meiningsfulle liv, men også om saknet etter sine næraste og tankar om den siste tida her på jorda.

Godt vaksen er om kvinner og menn over 90 år, men boka bør vera like spennande for unge som gamle. Nye generasjonar har venteleg glede av å lesa om korleis besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen i Kvinnherad har hatt det gjennom oppveksten sin - og om kva tankar dei har om livet rundt seg. Dei av oss som har nokre år på baken, vil kjenna oss att i mykje av det dei eldre fortel om. Vi har alle godt av å bli minna om det livet har å by på.

Det er personlege historiar om 12 kvinnheringar vi får ta del i. Men dei er like fullt så generelle at også vi utanom slekta og venekrinsen deira, har glede av å lesa forteljingane. Godt vaksen er ei bok som alle vil finna leseglede i.

I tillegg til dei 12 historiane, har vi også funne plass til tre essay. Mellom anna får vi høyra om ein 19-åring sine tankar om livet.

Godt vaksen er laga av Kristian og Kristen Børje Hus. Saman har dei lang erfaring frå medie- og designbransjen. Denne boka har gitt far og son ei minnerik ferd blant godt vaksne menneske.

Bokdetaljer

Forlag Multipleks design

Utgivelsesår 2015

Format Innbundet

ISBN13 9788269012804

EAN 9788269012804

Språk Nynorsk

Sider 199

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket