Omtale fra forlaget
Godt vaksen er boka for deg som er nysgjerrig på livet før og no. 12 eldre kvinnheringar fortel om eigen oppvekst og sitt lange liv. Du får vita korleis ein heil generasjon måtte klara seg i tjue- og trettiåra og inn i vår moderne tid. Gjennom desse historiane får du også refleksjonar over livet på godt og vondt. Du får tankar om menneskelege verdiar og meiningsfulle liv, men også om saknet etter sine næraste og tankar om den siste tida her på jorda.
Godt vaksen er om kvinner og menn over 90 år, men boka bør vera like spennande for unge som gamle. Nye generasjonar har venteleg glede av å lesa om korleis besteforeldre- og oldeforeldregenerasjonen i Kvinnherad har hatt det gjennom oppveksten sin - og om kva tankar dei har om livet rundt seg. Dei av oss som har nokre år på baken, vil kjenna oss att i mykje av det dei eldre fortel om. Vi har alle godt av å bli minna om det livet har å by på.
Det er personlege historiar om 12 kvinnheringar vi får ta del i. Men dei er like fullt så generelle at også vi utanom slekta og venekrinsen deira, har glede av å lesa forteljingane. Godt vaksen er ei bok som alle vil finna leseglede i.
I tillegg til dei 12 historiane, har vi også funne plass til tre essay. Mellom anna får vi høyra om ein 19-åring sine tankar om livet.
Godt vaksen er laga av Kristian og Kristen Børje Hus. Saman har dei lang erfaring frå medie- og designbransjen. Denne boka har gitt far og son ei minnerik ferd blant godt vaksne menneske.
Forlag Multipleks design
Utgivelsesår 2022
Format E-bok
ISBN13 9788269012828
EAN 9788269012828
Språk Nynorsk
Sider 199
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket