Omtale fra forlaget
God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. God i ord 3 Språkbok samlar alle elevane i eit norskfagleg fellesskap gjennom tema, innføring i sjanger og språklære og gjennom den norskfaglege læresamtalen. Boka inneheld oppgåver som kjem ulike læringsstilar i møte, noko som gir elevane utfordringar og gjer det mogleg med fordjuping på ulike nivå. Oppgåvene er organiserte under dei fire overskriftene «Oppgåver med blyant og papir», «Oppgåver på data», «Oppgåver på biblioteket» og «Oppgåver inne og ute». I God i ord 3 Språkbok blir kvart kapittel innleidd med mål for arbeidet og avslutta med ein ordbank. Ordbanken inneheld sentrale ord og omgrep frå kapitlet, som er fine å bruke som knaggar for oppsummering og bevisstgjering av eiga læring, knytt opp mot læringsmåla.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788252168419
EAN 9788252168419
Språk Nynorsk
Sider 115
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket