Omtale fra forlaget
God i ord er et komplett norskverk for 3. 7. årstrinn som tek vare på alle sider ved norskopplæringa. Bøkene er humoristiske, lærerike og rikt illustrerte og inspirerer til lese- og skrivelyst. Bøkene er varierte i innhald, lengd og utforming og gir læraren mange idear til differensiering i undervisninga. God i ord 3 Lesebok inneheld varierte skjønnlitterære og faglitterære tekstar som støttar opp om dei faglege måla og temaa i kvart kapittel. Ved byrjinga av 3. trinn vil elevane vere på ulikt ferdigheitsnivå når det gjeld lesing. Nokre har så vidt knekt lesekoden, medan andre les flytande. For å møte dei ulike ferdigheitsnivåa til elevane, er tekstane i leseboka av ulik vanskegrad: - Lett å lese - Middels lett å lese - Middels vanskeleg å lese - Vanskeleg å lese Vanskegraden på tekstane står i gjennomgangen av dei ulike tekstane i ressursboka. Dette er rettleiande kategoriar som sjølvsagt må vurderast og tilpassast ståstaden til den enkelte elevgruppa. Oppgåvene i God i ord 3 Lesebok tek sikte på å bevisstgjere elevane på å hente fram eigen bakgrunnskunnskap knytt til teksten, hjelpe dei til å skape sine eigne indre bilete av innhaldet og å skape refleksjon rundt det dei les. Målsettinga med oppgåvene er med andre ord å skape kompetente og engasjerte lesarar.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2007
Format Innbundet
ISBN13 9788252168389
EAN 9788252168389
Språk Nynorsk
Sider 132
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket