Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka er ein analyse av den norske rettslege standarden god forretningsskikk med tyngdepunkt i marknadsføringslova §1. Boka fokuserer særleg på relasjonen næringsdrivande imellom og på problemstillingar som dreiar seg om illojal konkurranse. Har litteraturliste og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Boka, som er forfattaren si juridiske doktoravhandling, er ein analyse av den norske rettslege standarden god forretningsskikk med tyngdepunkt i marknadsføringslova § 1. Boka fokuserer særleg på relasjonen næringsdrivande imellom og på problemstillingar som dreiar seg om illojal konkurranse. Hovudspørsmålet er korleis rettsbrukaren skal resonnere rettsleg basert på ein slik god skikk-regel som rommar eit prinsipp om forbod mot illojal konkurranse. Første hovuddelen av boka (delane I, II og III) drøftar rettskjelde- og metodespørsmål og teoriar for analysar av god forretningsskikk-standarden. Forfattaren drøftar her mellom anna kva praksis frå private konfliktløysingsorgan har å seie som rettskjelde. Den andre hovuddelen av boka inneheld analysar av ulike konfliktsituasjonar som ofte oppstår i praksis: etterlikning av konkurrentposisjonar, etablering av konkurrerande verksemd, inngrep i kontraktforhold og omtale av konkurrentar / kommersiell ytringsfridom. Boka vil vere nyttig både for juristar og andre som arbeider med rettslege spørsmål om god forretningsskikk og liknande typar rettslege standardar. Boka vil også kunne ha interesse for andre aktørar i næringslivet. Tore Lunde er dr.juris og er advokat i Kluge Advokatfirma ans. Han har tidlegare vore stipendiat/førsteamanuensis ved Det juridiske fakultetet, Universitetet i Bergen og har elles praksis som advokatfullmektig, dommarfullmektig og konstituert lagdommar. "Så vel analytisk som rent fremstillingsmessig er det en svært krevende oppgave Lunde har stilt seg. Han håndterer den med dyktighet og analytisk kraft, og resultater er meget vellykket - en grundig bok som vil være til stor nytte også for praktikerne." Birger Stuevold Lassen, Nytt i privatretten
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2001
Format Innbundet
ISBN13 9788276747058
EAN 9788276747058
Språk Nynorsk
Sider 643
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket