Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
LSM er ein ny obligatorisk disiplin i lærarutdanninga. Disiplinen er fleirfagleg, der samanhengen i det faglege og didaktiske grunnlaget for lese-, skrive- og matematikkopplæring er tydeleg vektlagt. Boka er ein samling med artiklar som innbyr til utprøvande samtalar og faglege møtepunkt. Tema som blir tatt opp, er fleksibel skolestart, bruk av læreboktekstar, kartleggingsprøvene i leseferdigheit i 2. klasse, leik og læring, begynnartekstar som samansette tekstar, begrepslæring og talforståing, digitale læringsressursar og begynnaropplæring i matematikk og norsk for elevar som ikkje har norsk som morsmål. Bruk av konkrete didaktiske situasjonar og elevtekstar gjer det praksisnære perspektivet i boka tydeleg. Har stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Denne boka er skriven for det nye faget GLSM i allmennlærarutdanninga. Det tverrfaglege perspektivet står sentralt, mellom anna blir samanhengen og forskjellen på lesing og matematisk kompetanse diskutert. Andre tema som blir belyste, er lærebøker i begynnaropplæringa, IKT-baserte læremiddel i norsk og matematikk og begynnaropplæring for elevar som ikkje har norsk som morsmål.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2005
Format Heftet
ISBN13 9788252165692
EAN 9788252165692
Språk Nynorsk
Sider 256
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket