Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Samlinga inneheld både dikt som gir glimt av menneskelege innsikter i møtet med det enkle og dikt som tar for seg dei store spørsmåla i livet.
Omtale fra forlaget
Gjer deg mjuk. Smyg deg inn .; i sansinga og det sanselause, smyg deg inn i livet. For det er sjølve livet Hans Sande si nye diktsamling måler krefter med: mennesket sitt livsløp frå fødselsskriket til det siste stille andedraget. Og slik sjølve livet er det, er denne diktsamlinga mangfelt og rikt på overraskingar. Her er dikt ein kan kjenne seg att i og dikt som opnar for noko heilt ukjent, her er dikt ein kan le av og dikt ein kan uroast over. Her er dikt som gir glimt av menneskelege innsikter i møtet med det enkle og konkrete, og her er dikt som tumlar med dei heilt store spørsmåla i tilveret. Her er overskot og livsglede, humor og absurditetar, her er vakre poetiske bilete og grå sorg og eit nådelaust medvit om det endelege.
Forlag Gyldendal
Utgivelsesår 2007
Format Heftet
ISBN13 9788205375802
EAN 9788205375802
Språk Nynorsk
Sider 77
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketSAUM
Kvar morgon blir skogen sydd saman
av mørke barnåler
og lyse trådar av fuglekvitter
Gjer deg mjuk
Smyg deg inn
HUDSKRIFT
Eg mel tyttebæret sund
mellom tunga og ganen
og matar deg med munnen
Eg riv blåbærlyng opp med rot
og skriv dikt over den kvite kroppen din
Når du speglar deg
kan du ikkje lese dette
Når du kler deg naken
kan eg lese deg
FOLKEVISE
Korleis lear jentene på seg?
Dei lear seg slik
at dei galne blir friske
Dei lear seg slik
at dei friske blir galne
Dei lear seg slik at månen går opp
og ned
tre gongar kvar natt
og tømer månekvitt over alle hav
GJER DEG MJUK
Seint om kvelden
Det er berre deg og snøen
og snøen ligg heilt avslappa og ventar
Gøymt og gløymt er stokk og stein
Du er varm nok no
Kle deg naken
gjer deg mjuk
legg deg ned
BARNEGRÅT
Eg kom inn på rommet til mor mi
leita etter fotografiet av meg sjølv
Skjenken var dekt av små og store bilde
og nye andlet dukka heile tida opp
Du har så mange
men berre eg er meg
hulka eg