Omtale fra forlaget
Geiranger, Norway Ei god historie (1899 - 1950) Denne boka fortel historia om korleis Geiranger vart eit av dei fremste turistmåla i Noreg. Første halvdelen av 1900-talet var tiåra då "alt skjedde" i den vesle fjordbygda på Sunnmøre. Turistane strøymde til bygda, både alminnelege reiseglade og kongar og keisarar med eigne skip. Turismen skapte mange ringverknader i bygda, og folk etablerte seg med nye næringsvegar. Eit døme er den store bilparken som vaks fram i Geiranger skysslag. Det fanst fleire bilar per vaksen mann inne mellom Sunnmørsalpane, enn i hovudstaden! Nokre av bilane var endåtil bygde i Geiranger. I Geiranger hadde dei også omnsfabrikk (seinare Grepa), elektrisitetsverk, treskjærarverkstaden til Einar Flydal og mange souvenirbutikkar. Pulsen som heldt alt i gang var turistane, og mange av dei budde på Hotel Union. Forfattaren, Marit Mjelva Henden, vaks opp på det familieeigde hotellet saman med broren Karl som 3.generasjon Mjelva. Ho fortel både om historia til Mjelvafamilien, om turistane, om folk i bygda og om korleis bygdelivet arta seg i Geiranger, både i det travle sommarhalvåret og i det stille vinterhalvåret. Boka er rikt illustrert.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788291722719
EAN 9788291722719
Omtalt tid 1945-1999 1900-1945
Språk Nynorsk
Sider 168
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket