Omtale fra forlaget
I den ferske ordboka «Gasta greie - ord og uttrykk frå Fusa» får du ei unik formidling av den lokale og nasjonale språkarven. Boka har med over 2900 lokale ord og uttrykk, friskt illustrert og formgjeven av biletkunstnar Anja Tveiterås. Boka byr på eit innblikk i ein frodig ord- og kulturarv som fusingane deler med bygdene ved Bjørnafjorden og vidare ut.
"Gasta greie" byggjer på eit manus frå tidlegare lærar Lars Holdhus (1917-2000). Boka inneheld også eit portrett av Holdhus, skrive av etnolog Ella Marie Brekke Vangsnes. Språkprofessor Gunnstein Akselberg bidreg med ein epilog til ettertanke. Utgjevinga er eit samarbeid mellom Fusa kommune og Universitetet i Bergen og boka kjem ut på John Grieg Forlag.
Boka er ei perfekt gåve til både unge, gamle, utflytta, nyinnflytta og innbarka fusingar, men vil også vera eit funn for alle språkinteresserte frå fjern og nær. Boka er lekkert illustrert med både snert og humor. Denne boka set ein ny norsk standard for ordbøker og den klassiske ordlista!
Utgivelsesår 2016
Format Innbundet
ISBN13 9788253303482
EAN 9788253303482
Språk Nynorsk Flerspråklig
Sider 216
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket