Omtale fra forlaget
Kan ein grønn frosk vere forelska i ei kvit and? Og korleis kjennast det eigentleg når ein er forelska? Kan ein stole på rotter? Dei er jo både skitne og fæle, alle saman! Eller kanskje ein skal prøve å bli kjent med ei før ein er sikker? Korleis samlar ein mot? Og tør du å gjere noko skummelt, viss du kan redde vennene dine? Dette er ei vennleg, humoristisk lydbok om vennskap, kjærleik, redsle for det framande og glede. Historiene er enkle i forma, men dei har eit djupt og vakkert bodskap. I lydboka har vi prøvd å la musikken få gli inn og ut av historia. Alle dyra har kvart sitt vesle tema og blir også ei musikalsk brikke i historia. Kvar historie inneheld tre songar. Lydboka er produsert av NRK, og har blitt sendt på radioen i Barnetimen for dei minste.
Forlag Lydbokforlaget NRK
Utgivelsesår 2008
Format CD
ISBN13 9788242122841
EAN 9788242122841
Serie Barnetimen for de minste
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
4 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket