Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
I denne diktsamlinga handlar det om kjønn og identitet og utforsking av kva det vil seie å vere mann og kvinne. Relasjonen til barnet er en sentral del av samlinga, det same er den erotiske kjærleiken. Dette er forfattaren si andre diktsamling.
Omtale fra forlaget
Tarald Stein (f. 1977) var den første i Noreg til å nytte erfaringa som transkjønna i eit skjønnlitterært verk då han debuterte med diktsamlinga Framandkar i 2008. Men Framandkar er mykje meir enn ei sjølvbiografisk skildring. Dikta set sjølve kjønnsidentiteten vår på prøve, og med ei kjensle av naudsyn utforskar dei kva det vil seie å vere mann og kvinne. I Tarald Steins nye diktbok, Frikar, utvidar han perspektivet. Relasjonen til barnet er ein sentral del av samlinga, det same er den erotiske kjærleiken. Kva for eit språk kan fange konflikten mellom gjengse tankar og eigen erfaring? Kva er ei mor? Kva er ein mann? Kva er kjærleik? Finnast det eit anna språk? I Frikar skapar Tarald Stein eit slikt språk. Kvar gong vi møtestomset du megtil eit vakrare språkEg vil skrive med dine orddikt som pustar med dine lungerBokstavar du kan kjærteiknemed tunga, sjå dei veksetil versalar
Forlag Tiden
Utgivelsesår 2010
Format Innbundet
ISBN13 9788210050947
EAN 9788210050947
Genre Erotikk
Språk Nynorsk
Sider 75
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketKvar dag
eit nytt blad
på det gamle treet i bakgarden
Sola fell
på nye måtar
kvar dag
så eg kan sjå deg
frå nye vinklar
Eit bokmerke av lys
mellom denne dagen
og den neste
for å vete kva for ei side eg skal slå opp på
Vi stikk hovuda inn i kvarandre
trær armane kring oss
Du er min rustning
Eg er din
Hendene dine er groblad
stryk kroppen min heil
Tunga di slikkar meg saman
formar ord som heilar
kløfta mellom tanke og kjøt
Eg flytter inn i deg
utforskar parkane
stryk murane
for første gong
Lyden av svevnen din
einsame fottrinn
i tomme gater