Omtale fra forlaget
Fridtjov & Ingebjørg er ei forteljing om vennskap og makt og samstundes ei av dei mest underhaldande sogene om og frå vikingtida. Boka er ein frodig illustrert og forenkla versjon av den kjende norrøne soga om Fridtjov den frøkne.
Soga handlar om Fridtjov frå Framnes og hans kjærleik til Ingebjørg, dottera til kong Bele. Etter at kongen dør, kjem Fridtjov og brørne til Ingebjørg i krangel. Brørne er i mot eit bryllaup mellom Ingebjørg og Fridtjov. Dei driv Fridtjov frå garden og gifter etter kvart systera bort til den mange tiår eldre kong Ring. Men Fridtjov er klok og får til slutt både Ingebjørg og kong Ring sitt store rike.
Dei siste ti-åra har denne delen av den norske kulturarven vore vanskeleg tilgjengeleg. I fjor vart nyomsetjinga av heile den gammalnorske teksten utgitt i ny språkdrakt av Jon Fosse, Soga om Fridtjov den frøkne (SKALD, 2013).
Forlag Skald
Utgivelsesår 2014
Format Innbundet
ISBN13 9788279592150
EAN 9788279592150
Omtalt tid Vikingtiden
Språk Nynorsk
Sider 100
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket