Forlag Aschehoug
Utgivelsesår 1974
Format Innbundet
ISBN13 9788203036262
EAN 9788203036262
Språk Fransk
Sider 211
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
"Det er i affektative situasjoner at man lærer sprog," skal Gunnar Høst ha sagt - fritt sitert etter minnet. Men det er sant: Vi lærte fransk av denne boka, som vi brukte etter eitt år med begynnaropplæring. Her las vi om franske idettsutøvarar og eventyrarar - vi var jo unge, og vi song "Tous les garçons et les filles de mon âge / se promènent dans la rue deux par deux" - ja, vi var unge! Teksta "Droit devant moi", om ei jente på vår eigen alder som ville bli sjølvstendig, gjorde inntrykk. Vi kom i ein affektativ situasjon, og vi utvikla fransken.
Vi song "Les feuilles mortes", "Sous le ciel de Paris", "Douce France" og "Grands boulevards" Beatles og Stones hadde vi jo nok av utanom skolen. Vi lærte om Edith Piaf, "La petite chanteuse des rues" og song "Je ne regrette rien", og vi las om fransk historie og geografi, ja til og med "la vie économique". Språk har ein kulturell samanheng. Dette skulle vi lære - vi var jo unge, og vi kunne det ikkje frå før. Dette var skolens oppgåve.
Men vi las fyrst og fremst gripande historier frå dei to verdskrigane (kan eit ungt menneske lære betre om ansvar og solidaritet enn gjennom Simone de Beauvoirs "La rafle"?) saman med Boris Viands "Le déserteur". Vi møtte Georges Simenon i original ("Nicolas"). Og vi var sytten år.
Derfor fekk vi møte Victor Hugos "Jean Valjean", om tjuveriet av lysestakane, og "La dernière classe" av Alphonse Daudet, om verdien av kunnskap, sjølv vanskelege grammatikkreglar. Vi kom i affektative situasjonar. Dette gjorde noko med oss.
Sjølvsagt ville eg i dag ha brukt tekstene på andre måtar enn dei pedagogiske metodane som eg møtte for litt over førti år sidan. Men moderne teoriar om kommunikativ kompetanse treng ikkje å stå i motsetning til tekstutvalet i lærebøkene til ekteparet Gunnar og Else Høst. Affektative situasjonar er og blir ein føresetnad for å kunne lære.
Dagens lærebøker er tragiske med dialogane sine om alt og ingenting (kven kjem i affekt av slikt?), ueigna til å lære kultur og til å utvikle seg. Fransk lesning I tok oss alvorleg. på alvor: Ho gjekk ikkje ned på vårt snevre nivå, men lyfte oss opp på sitt. Jo visst var vi unge, men dette lærestoffet var med på å lære oss å bli vaksne.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket