Omtale fra forlaget
Draktskikken i Noreg har røter langt attende i tid og vidt utanfor landet sine grenser. I "Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" fortel Magny Karlberg historia om folkedraktene i Valdres i lys av allmenn mote- og drakthistorie og kulturelle og samfunnsmessige endringar frå mellomalderen og fram til 1860-talet. Karlberg tar for seg det rike samspelet mellom motedrakt og folkedrakt, impuls og tradisjon. Er dei lokale draktskikkane berre fortolkingar av den europeiske motedrakta eller er dei sjølvstendige kulturelle ytringsformer? Er brodert rosesaum berre ein impuls frå den europeiske rokokkomoten eller også ein folkeleg uttrykksform med lange tradisjonar i gamle norske folkedraktområde? Kva er tradisjon, og kva er impuls?
Boka har Valdres som geografisk utgangspunkt, men endringar og utvikling i den folkelege draktskikken i dette dalføret råkar likt også i andre tradisjonsområde. Slik bidreg ho til utvida forståing av draktskikken i heile Noreg. Boka er rikt illustrert med over 500 fotografi og illustrasjonar av klede og draktdelar, kunstbilete og demonstrasjonar av påkledning.
"Frå Versailles til Valdres. Ei drakthistorisk reise" er ei etterlengta bok - for allment interesserte og for dei som vil gå djupare inn i drakt- og tekstilhistoria. Praktverket er eit resultat av 40 års forskings- og dokumentasjonsarbeid og er eit viktig bidrag til fornya kunnskap om norsk drakthistorie.
Forlag Skald
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788279592273
EAN 9788279592273
Språk Nynorsk
Sider 375
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Fin oppslagsbok, gjennomgår de enkelte delene av påkledning i gammel tid, relevant for å realisere drømmen om bunad.
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket