Omtale fra forlaget
Ved opninga av Jærbanen i 1878 var det bare tre-fire hus i det som i dag er sentrum av Bryne. Eit av dei var stasjonsbygningen, eit anna var eit bedehus. I løpet av kort tid vaks Bryne kraftig og utvikla seg til den største og viktigaste stasjonsbyen mellom Sandnes og Egersund.
Thime station, seinare Time stasjon, var det offisielle namnet på området rundt jernbane-stasjonen frå 1878.For 100 år sidan bestemte Posten, etter påtrykk av heradsstyret i Time, at det offisielle namnet skulle vera Bryne. Det er i samband med dette 100-årsjubileet Brynes Vel gir ut ei bok som tar for seg utviklinga frå utmark
til by.
Den viktigaste føresetnaden for at Bryne har utvikla seg til by var avgjerda om at jernbanestasjonen for Time skulle plasserast på Bryne. Men det var etableringa av handel, handverk og industri som gjorde at Bryne tidleg utvikla seg til den største og viktigaste stasjonsbyen mellom Sandnes og Egersund. Den rollen vart forsterka då Bryne også vart eit skulesenter. Historia om Bryne er omtala i fleire bøker tidlegare, men då som ein del av bøker om Time kommune. Denne boka handlar bare om om Bryne og tar for seg utviklinga frå utmark i 1878 fram til Bryne fekk bystatus i 2001 og vidare fram til i dag.
Forlag Brynes vel Jæren forlag
Utgivelsesår 2021
Format Innbundet
ISBN13 9788293913023
EAN 9788293913023
Omtalt tid 1900-tallet
Språk Nynorsk
Sider 364
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket