Omtale fra forlaget
I perioden frå 1660 til 1884 gjekk styreforma i Noreg frå einevelde til aukande grad av folkestyre. Hendingane i 1814 bidrog sjølvsagt til dette, men kor viktig var eigentleg 1814 i utviklinga av det folkestyret som blei knesett med parlamentarismen i 1884? Var det element av folkeleg politisk medverknad også i einevaldstida? Og blei dei autoritære trekka vidareførte også etter 1814? I denne boka gir Knut Dørum eit oversyn over endringar i styreform og politisk kultur i tidsrommet 1660 til 1884, der endringane knytte til året 1814 er sentrale. Når det gjeld folkeleg politisk kultur og demokratisering, har mykje ny kunnskap komme fram i samband med fleire større forskingsprosjekt på 1814 og demokrati. Samla sett har ein i desse forskingsprosjekta fått fram ei større breidde og variasjon i den folkelege politiske kulturen enn tidlegare antatt, og då særleg for tida før 1814. Slik blir denne boka også ei oppsummering av den nyaste forskinga på dette feltet.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2019
Format E-bok
ISBN13 9788252199703
EAN 9788252199703
Omtalt tid 1800-tallet 1700-tallet 1600-tallet
Språk Nynorsk
Sider 220
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket