Frå Hernes til Clemet - frå plan til marknad?

kvar går den vidaregåande skolen?

av (forfatter).

Fagbokforlaget 2004 Heftet

Ingen bokelskere følger dette verket.

Kjøp boken hos

Kjøp boka hos ark.no

Omtale fra Den Norske Bokdatabasen

Ei sentral problemstilling i boka er kvifor Reform 94 blei en omstridt suksess, og forfattaren spør om samfunnet eigentleg var klar for reforma. Forfattaren utforskar også samanhengen mellom positivismen til Hernes og nyliberalismen til Clemet, og han spør om løysingane til Kristin Clemet er gode svar på den postmoderne utfordringa. Instillinga frå Søgnen-utvalet blir også drøfta. Har litteraturliste.

Omtale fra forlaget

Dette er ei bok som handlar mest om Reform -94, som ifølgje tidlegare statsråd Gudmund Hernes skulle gi oss den beste vidaregåande skolen i verda. Ei sentral problemstilling i boka er kvifor denne reforma blei ein slik omstridd suksess. Forfattaren spør om samfunnet eigentleg var klar for reforma, og om striden skuldast indre motsetnader i reforma eller sjølve gjennomføringa. Boka handlar også om det som har skjedd i kjølvatnet på Reform -94. Forfattaren utforskar samanhengen mellom den hernesiske positivismen og den clemetske nyliberalismen, og han spør om løysingane til Kristin Clemet er gode svar på den postmoderne utfordringa. Innstillinga frå Søgnen-utvalet blir også drøfta. Det kunnskapssynet som ligg til grunn for dei to reformene, blir lagt under lupa, og forfattaren analyserer rollene til elevar, lærarar og leiarar slik dei voks fram som ideal i styrings- og rettleiingsdokument. Han ser også nærare på kva rolle styresmaktene meinte skolen skulle spele i samfunnet i framtida. Boka er ikkje meint å leggje fram ein tvers igjennom endeleg og uttømmande analyse og inneheld fleire spørsmål enn svar. Skolefolk og andre vil truleg setje pris på boka som eit temperamentsfullt innlegg i debatten om skolepolitikk og verdival. Erik Sølvberg er rektor ved Voss gymnas. Han har vore med på å lage læreplanar i ulike samfunnsfag i den vidaregåande skolen, og han har skrive mange lærebøker. Sølvberg har halde ei rad foredrag og kurs i læreplanforståing og reformanalyse i skolen og er mykje brukt som innleiar til debattar i skolespørsmål.

Bokdetaljer

Forlag Fagbokforlaget

Utgivelsesår 2004

Format Heftet

ISBN13 9788245001747

EAN 9788245001747

Språk Nynorsk

Sider 182

Utgave 1

Finn boka på biblioteket

Du kan velge et fast favorittbibliotek under innstillinger.

Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!


Bokomtaler

Ingen omtaler ennå.

Skriv en omtale Se alle omtaler av verket

Diskusjoner om boka

Ingen diskusjoner ennå.

Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket

Sitater fra dette verket

Ingen sitater ennå.


Legg inn et nytt sitat Se alle sitater fra verket

Bokelskere som følger boka

0 bokelskere følger dette verket.

Se alle bokelskere som følger dette verket