Omtale fra forlaget
I denne boka følgjer vi utviklinga i den studieførebuande delen av vidaregåande skule gjennom 150 år. Lektorane og dei universitetsutdanna adjunktane er hovudpersonane, og det er deira perspektiv som dominerer. Reformer og skuleutvikling står sentralt i boka, men også stridar om faglege rettar, lønn og arbeidstid. Allereie frå 1920-talet «løyste» styresmaktene lektormangelen med å redusere på utdanningskrava. Dette er ein metode som stadig har vore brukt. Boka omtalar også lønnsstriden mellom KS og lærarane. Lektorane har gradvis kome i mindretal, også i dei allmenne retningane i den nye vidaregåande skulen. Universiteta har vore for lite opptekne av lektorutdanninga og må ta sin del av ansvaret for at mange unge ikkje er godt nok kvalifiserte for lange studium. Ein framtidsretta vidaregåande skule må ha fagsterke og myndige lektorar, som både vil og vågar å eksperimentere saman med elevane. Det gjeld ikkje minst i møte med den digitale kvardagen.
Forlag Kolofon
Utgivelsesår 2023
Format E-bok
ISBN13 9788230025338
EAN 9788230025338
Omtalt tid 1900-tallet 1850-1899 2000-2049
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Sider 271
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket