Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka handlar om fotografihistorie som ein del av den generelle historia i Rogaland. Den viser dei ulike bruksområda fotografiet hadde dei første 120 åra, både i privat og offentleg samanheng.
Omtale fra forlaget
Gjennom tekst og om lag 270 illustrasjonar formidlar boka den kunnskapen vi har om fotografihistoria som ein del av den generelle historia i Rogaland. Alle som arbeider med fotografi, og alle som er interesserte i fotografi- og kulturhistorie generelt, vil få eit nyttig oppslagsverk. Fotografiet utgjer ein viktig del av historia vår, og her kan du lesa om dei mange ulike bruksområda fotografiet hadde desse første 120 åra, både i offentleg og privat samanheng. Du kan lesa om dei mange fotografane, både fagfotografar, bygdefotografar, heimvende Amerika-fotografar og vanlege kvinner og menn med interesse for dette nye mediet. I boka møter du mange kjende og ukjende personar i Rogaland. Du kan studera dei første som fotograferte seg, dei første turist- og landskapsprospekta, og du kan lesa om kor viktige postkorta var. Du kan lesa om den store innsatsen til Stavanger Turistforening for landskapsfotografiet og for arbeidet med å auka interessa for amatørfotografiet. Du kan også lesa om korleis avisene, særleg Stavanger Aftenblad, gradvis tok i bruk fotografiet og om korleis dei arrangerte fotokonkurransar og støtta det kunstnarlege fotografiet.
Forlag Wigestrand
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788281400818
EAN 9788281400818
Omtalt sted Rogaland
Språk Nynorsk
Sider 313
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket