Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Forfattarane av boka ønskjer å gi ein innføring i forteljarteknikken som ein pedagogisk metode. Dei hevdar at ved å bruke forteljingar og folkediktinga bevisst i undervisninga, blir det enklare for elevane og studentar å tilegne seg stoffet. Dessutan blir det morsommare for både elever og lærarar. I tillegg vil elevane skjøne kor prega dei blir av det dei veks up med og at dei røtene som dagens kultur har går langt tilbake.
Omtale fra forlaget
Korleis forstår vi verda? Korleis kjem forståinga vår til uttrykk gjennom forteljingar, populærlitteratur og folkedikting? Kva har gammal og ny folkedikting felles? Boka gir ei innføring i oppleving og forteljing som pedagogisk metode. Om pedagogen bruker forteljinga bevisst, vil innlæringa av fagstoff bli lettare og meir morosam. Tradisjonell folkedikting kan vere vanskeleg tilgjengeleg i språk og innhald. Forfattarane viser korleis all folkedikting er skapt og stadig blir skapt i urgamle mønster. Boka gir såleis omgrep til å forstå dei arketypiske grunnforteljingane i populære filmar som Harry Potter, Ringenes Herre og Star Wars, i teikneseriar, dataspel og liknande. Ei bru blir bygd frå tradisjonelle segner, mytar, eventyr, folkeviser og balladar til ufo-historier, vitsar og gåter. Vi er prega av den kulturen vi veks opp med, og røtene til samtidskulturen går langt tilbake. Boka er utvikla i samarbeid med VOX og har eigen nettstad: www.gyldendal.no/forteljing
Forlag Gyldendal akademisk
Utgivelsesår 2004
Format Heftet
ISBN13 9788205314849
EAN 9788205314849
Språk Nynorsk
Sider 232
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket