Omtale fra forlaget
Ei nådelaus kvinne. Eit liv utan tilgiving.Kari Knutsdotter drap fire av dei fem barna sine – og kona til elskaren sin. Ho laug. Ho bedrog. Ho dikta og manipulerte. I 1771 vart ho halshoggen, dømd som ein av Noregs mest omsynslause mordarar. Men kven var ho – eigentleg? Og kva var det som skapte eit menneske i stand til så grufulle handlingar? I denne gnistrande og urovekkande forteljinga tek Jørn Øyrehagen Sunde oss med inn i eit mørkt kapittel av norsk retts- og kvinnehistorie. Med skarpt blikk og historisk innsikt teiknar han eit breitt bilete av makt og menneske, tru og overtru på 1600- og 1700-talet, og byrjinga på det moderne samfunnet. Samstundes skriv han fram eit forsvar for ein person som knapt fortener det – men som likevel tvingar oss til å stille spørsmålet: Kvar kjem det vonde frå? Kari Knutsdotter er for lengst død og gløymd, men kanskje kan samfunnet ho levde i, og livet og vala hennar tene som ein spegel vi kan sjå oss sjølve i – og gjera oss merksame på kjeldene til vondskap i vår eiga.
Forlag J.M. Stenersens forlag
Utgivelsesår 2025
Format Innbundet
ISBN13 9788272019005
EAN 9788272019005
Omtalt tid 1700-tallet
Språk Nynorsk
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket