Omtale fra forlaget
Ein klar og målretta design er nøkkelen til å gjennomføre eit vellykka forskingsprosjekt. Samanlikna med den store mengda litteratur om forskingsmetode er forskingsdesign likevel stemoderleg handsama. Forskingsdesign handlar om planen eller framgangsmåten for å gjennomføre eit forskingsprosjekt, stort eller lite. Det som kjenneteiknar ein bestemt forskingsdesign, er kombinasjonen av kunnskapsmål og strategiar for å produsere data. I denne boka presenter forfattaren både kva som kjenneteiknar ulike forskingsdesign, og prosessen med å utforme ein forskingsdesign steg for steg. 2. utgåve er gjennomgåande oppdatert og betra, og det har komme til eit heilt nytt kapittel om integrerte design, det vil seie design som tek sikte på å utnytte både kvalitative og kvantitative data i eit samspel. Boka kan lesast på fleire nivå. Ho vender seg til nybyrjarar som tek fatt på sitt første forskingsprosjekt, så vel som til meir erfarne forskarar.
Forlag Universitetsforlaget
Utgivelsesår 2021
Format E-bok
ISBN13 9788215050942
EAN 9788215050942
Språk Nynorsk
Sider 238
Utgave 2
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket