Omtale fra forlaget
Denne boka viser korleis ein kan utvikle ein heilskapleg forskingsdesign innanfor kvalitativ forskingsmetode. Ho er særskilt relevant for studentar på bachelornivå som møter kvalitativ forskingsmetode for første gong i utdanninga si, og gir eit godt grunnlag for å skjøne kor viktig det er med kvalitativ forsking på ei rekkje fagfelt. I forsking er det avgjerande å finne rett metode til rett forskingsspørsmål. Forfattaren legg vekt på at studentane skal lære seg det metodiske handverket. Gjennom dei seks kapitla tek han for seg dei ulike delane av ein forskingsdesign. Krumsvik nyttar praktiske casar, døme og oppgåver for å gjere stoffet tilgjengeleg for lesarane og for å gi dei trening i ein analytisk tenkjemåte. Rune Johan Krumsvik er dr.philos. og professor i pedagogikk ved Universitetet i Bergen og professor II ved Høgskulen Stord/Haugesund. Han er forskingsgruppeleiar for forskingsgruppa Digital Learning Communities, UiB, som nyttar både kvalitativ forskingsdesign og Mixed Method Research i sine forskingsstudiar. Krumsvik har publisert fleire bøker og ei rekkje vitskaplege artiklar innanfor pedagogikk, IKT og læring både nasjonalt og internasjonalt. Han har undervisingsrøynsle i forskingsdesign og kvalitativ metode frå både bachelor-, master- og doktorgradsnivå ved Universitetet i Bergen og Høgskulen Stord/Haugesund.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2014
Format Heftet
ISBN13 9788245014600
EAN 9788245014600
Språk Nynorsk
Sider 187
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket