Omtale fra forlaget
Korleis kan forsking fremje menneskerettane? Og korleis oppfattar forskarar frå forskjellige fag og disiplinar menneskerettar innanfor si forsking? Kapitla i denne boka er skrivne av 14 forskarar som represen.terer varierande fagtradisjonar og forskingsmetodar. Dei viser at menneske.rettsspørsmål er aktuelle som aldri før, og inspirerer forskarar i eit breitt spekter av fag. Sjølv om menneskerettane tar ulik form i ulike fag, viser boka at dei er viktige også i fag der dei er mindre synlege. Forskarane som skriv i denne boka, konsentrerer seg om grunnleggjande menneskerettar med stikkord som fred, fridom, likskap, verdighet, utdanning og fråver av diskriminering av svake enkeltindivid, grupper eller folk. Forsking har bi.dratt til at desse menneskerettane i dag står sterkare internasjonalt enn nokon gong. Men nettopp fordi menneskerettane er blitt så synlege og internasjonalt nærverande, blir det tydeleg kor grove brota på dei er i .mange land, og kor mykje arbeid som står att før dei er sikra som rettar for alle menneske. Kapitla i boka er reviderte og ajourførte versjonar av foredraga på ein konferanse som menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi arrangerte i desember 2015.
Jakob Lothe er professor i engelsk litteratur ved Universitetet i Oslo og leiar av menneskerettskomiteen i Det Norske Videnskaps-Akademi.
Forlag Novus
Utgivelsesår 2017
Format Innbundet
ISBN13 9788270998845
EAN 9788270998845
Språk Bokmål Nynorsk
Sider 171
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket