Omtale fra forlaget
Frå 1736 av måtte alle embetsmenn innanfor rettssystemet i Danmark-Noreg ha juridisk eksamen. Talet på jusstudentar ved det juridiske fakultetet i København og talet på juristar innanfor det norske rettsvesenet vart raskt høgare. Og mengda dansk–norsk juridisk litteratur auka kraftig frå midten av 1700-talet, samstundes som juridisk metode vart eit eige tema innanfor rettsvitskapen. I «Fornuft og Erfarenhed» er tema kva følgjer det fekk for lovgjeving, juridisk litteratur og rettspraksis at stadig fleire embetsmenn innanfor rettssystemet hadde studert jus og hadde kunnskap om juridisk metode. Heile rettsvitskapen, frå fakultet til sentraladministrasjonen og vidare til lokale domstolar i Noreg, endra karakter. Eit viktig aspekt ved endringane var at rettsstatsverdiar som det forutbereknelege, likskap for retten og intersubjektivitet no kunne realiserast. Jørn Øyrehagen Sunde er professor ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen, og har mellom anna publisert Speculum legale – rettsspegelen og Den juridiske komedien.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2099
Format Innbundet
ISBN13 9788245006896
EAN 9788245006896
Omtalt tid 1700-tallet
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket