Omtale fra forlaget
Fordi du er handlar om reise, eksil, krig, pandemi, ein klem, ein barndom og bratte vestlandsfjell, der sau kan falle, der far kan falle. Kort etter den russiske invasjonen i Ukraina publiserte Odveig Klyve diktet sitt «Skjelv du på handa, Vladimir» på Facebook. Det gjekk viralt, blei delt og delt og spontant omsett til over 100 språk og dialektar. Dette diktet er sentralt i Fordi du er.
Forlag Cappelen Damm
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788202789602
EAN 9788202789602
Språk Nynorsk
Sider 94
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verketVINTERSONG
Det finst blomeenger
som vaknar sakte av vintersøvnen
og helsar deg med lysande
kronblad.
Det finst heiar med lyng og molte
og fjell med spor av sol og stormar,
slik også kroppen din er merka
av liv.
Det finst vindar
som kan dansa inn i sjela
og ta deg med til nye hemmelege
moltestader.
Det finst ein kjærleik
større enn våre skrøpelege kroppar
som kviskrar med vind og regn og
milde strålar av sol:
Eg veit om di smerte
alle gleder, alle sår.
Eg veit om dine skjøre håp.
For du er elska.
BARN
Eg var eit barn.
Mor var ei sol.
Far var ein storm.
Ho sydde ein latter
inn i falma gardiner.
Han bles ein kjærleik
ut i rommet.
Eg flaug gjennom tidene.
Så vart det stilt.
Så vart det natt.
Eg var eit barn.
Lammet vart slakta
utanfor huset.
Eg gøymde meg under
den raude duken.
Nokon skar sola i bitar.
Eg fall gjennom
den eldgamle natta.
Eg var eit barn.
14
Eg er Hannah,
fødd i Königsberg,
flyktning i New York.
Eg er ein framand,
eg er heime
i denne såra verda.
Eg er framme,
eg er på veg.
Eg bur i kroppen,
i språket,
det gamle,
det nye.
Leitar
etter ei meining
meir enn ei sanning.
Å forstå
er å skjøna med hjarta.
3 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket