Omtale fra forlaget
I 1845 møtte to tusen menneske i Fresvik i Sogn for å sjå at Ingeborg Olsdotter Grønlien vart avretta. Så mange menneske har det korkje før eller seinare vore samla i Fresvik. Saki vitnar om den store interessa slike offentlege avrettingar hadde.
Denne boki fortel om åtte avrettingar der anten forbrytarane eller offeri var frå Sogn og Fjordane, frå 1600-talet til 1864. Boki har også eigne kapittel om ulike mordsaker med tilknyting til Sogn, om blodskam og hekseprosessar og om dei ulike straffemetodane som vart nytta. Fleire av desse straffemetodane var sterkt vanærande, særleg når lovbrytarane vart framstilte offentleg.
Det er òg med eit kapittel om historia til Vik fengsel i boki. Det einaste fengselet i Sogn og Fjordane vart bygt i indre Sogn fordi kriminaliteten der var mykje større enn i resten av fylket.
Forlag Selja forlag
Utgivelsesår 2023
Format Innbundet
ISBN13 9788282401920
EAN 9788282401920
Omtalt tid Nyere tid
Språk Nynorsk
Sider 128
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket