Omtale fra forlaget
Rogaland fylkeskommune har sidan opprettinga i 1837-38 vore det viktigaste organet rogalendingane har hatt for å løyse sentrale fellesoppgåver. Dette verket fortel historia om eit arbeidsfellesskap som har bidrege sterkt til at folk i fylket i dag kjenner seg som rogalendingar. Det andre bandet følgjer Rogaland fylkeskommune frå krigsutbrotet i 1940 og fram til dagens «milliardkonsern». Her markerer 1960-åra seg som det verkelege skiljet mellom ny og gamal tid: Medan fylkeskommunen før var eit reint bygdefellesskap, vart han no ein felles arena for byfolk og bønder. Forfattaren syner korleis dagens fylkeskommune tok form, og korleis fylkeskommunen har handtert den doble funksjonen, både som reiskap for fylkets eigne innbyggjarar og som reiskap for statens vilje. Yngve Flo er forskar ved Uni Research Rokkansenteret i Bergen. Han har skrive ei rekkje arbeid innan forvaltnings- og kommunalhistorie. I 2014 gav han ut Statens mann, fylkets mann - norsk amtmanns- og fylkesmannshistorie 1814-2014. Flo skriv om tida frå 2. verdskrigen og fram til i dag.
Forlag Fagbokforlaget
Utgivelsesår 2015
Format Innbundet
ISBN13 9788245018172
EAN 9788245018172
Serie Rogaland fylkeskommunes historie (2)
Språk Nynorsk
Sider 395
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket