Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Denne boka fortel om folkeskulelærarane sin innsats i første halvdel av det tjuande hundreåret. Ho illustrerer korleis det var å vere lærar på denne tida og ho viser ideala lærarane tøygde seg etter i skulen, og korleis arbeidet blei verdsett av barn og foreldre. Boka legg også fram ny kunnskap om rekrutteringa til yrket, om lærarutdanninga og lønsvilkåra, om etter- og vidareutdanninga, om diskrimineringa av kvinnelege yrkessøkarar og om hamskiftet i lærarutdanninga mot slutten av perioden. Boka er meint for lærarar i dag, for lærarstudentar, for utdanningsforskarar, for lærarutdannarar, for skulepolitikarar og andre interesserte. Har litteraturliste.
Omtale fra forlaget
Denne boka fortel om folkeskulelærarane sin innsats i første halvdel av det tjuande hundreåret. Ho illustrerer korleis det var å vere lærar kringom i vårt langstrakte land. Ho viser ideala lærarane tøygde seg etter i skulen, og korleis arbeidet blei verdsett av barn og foreldre. At fritidsinnsatsen deira kunne vere imponerande, blir dokumentert. Nokre stod fram som politiske leiarar, også på det nasjonale planet, nokre var musikarar, forfattarar og skribentar medan andre samla og forska. Boka utdjupar sumt som andre har vist oss om folkeskulelærarane, men legg også fram heilt ny kunnskap, ikkje minst om rekrutteringa til yrket, om lærarutdanninga og lønsvilkåra, om etter- og vidareutdanninga, om diskrimineringa av kvinnelege yrkessøkarar og om hamskiftet i lærarutdanninga mot slutten av perioden. Dette er ei bok for lærarar i dag, for lærarstudentar, for utdanningsforskarar, for lærarutdannarar, for skulepolitikarar og kanskje ikkje minst for den folke- og grunnskulelærargenerasjonen som no nyt sitt otium. Forfattaren har bakgrunn som folkeskulelærar og professor i pedagogikk.
Forlag Tapir akademisk forlag
Utgivelsesår 2006
Format Innbundet
ISBN13 9788251920568
EAN 9788251920568
Omtalt tid 1900-1945 Etterkrigstiden
Omtalt sted Norge
Språk Nynorsk
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket1 bokelsker følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket