Omtale fra forlaget
Figurkrot på treskjelåvar har truleg vore eit fenomen over mesteparten av landet. Kanskje mest utbreidd i fjell- og fjordbygder. Etter 1850 og utover då idèen om "enhetslåven" spreidde seg, vart mange gamle låvar rivne utover landet. Av ymse grunnar gjekk det ikkje slik i Vest-Telemark og andre fjell- og fjordbygder. Der er det framleis mange gamle låvar att, enn så lenge.
«Det er kornet det dreier seg om, korn gjeld liv eller død. Det verdfulle kornet - Gudslånet»
Det kjem fram i somme av figurane, dei symbolske teikna som blir bruka magisk for å verne kornet og auke lykka med avlinga. Andre figurar avspeglar kva treskjaren var oppteken av, t.d. hest og jenter og dramatiske hendingar.
Kristin Bakken, Administrerande direktør i Norsk institutt for kulturminneforsking skriv i føreordet til boka:
"Med denne boka greier Åsta å byggje figurteikningane i treskelåvene inn i fortellinga om det gamle bondesamfunnet på ein måte som kastar nytt lys over nettopp dette samfunnet. Det gjer ho i eit lesverdig godt språk der dei tradisjonelle nemningane blir brukte på ein måte som gjer framstillinga rikare."
Forlag Telemark forlag
Utgivelsesår 2018
Format Innbundet
ISBN13 9788269116410
EAN 9788269116410
Språk Nynorsk
Sider 180
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket