Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Boka byggjer på oppskrifter som Sogn og Fjordane Bondekvinnelag har samla inn. Her er 323 oppskrifter frå alle dei 26 kommunane i fylket. Stoffet er ordna med omtale og oppskrifter av korn, mjølk, kjøt, fisk og sild, poteter, grønsaker, frukt og bær, drikke og dessertar. Med kjelde- og stikkordregister.
Omtale fra forlaget
Boka er skrive av Åse Kongsvik (Norsk Gardsmat kokk på Henjatunet Gardskjøken . sjå www.henjatunet.no) og Kari Støfringsdal (bondekone og leiar i Sogn og Fjordane Bondekvinnelag). Oskar Andersen, Jølster, har teke dei fleste bileta i boka. Kari pleier å seie at no har kvar fjerde husstand i fylket denne boka, og at det berre er bibelen som no er vanlegare rundt om i heimane i vårt fylke! Fjordamat er no i eit samla opplag på 12.000. Det er berre Arne Brimi som sel kokebøker med høgare opplag.
"Ei bok til å verte svolten av" skriv Sogn Avis. Boka byggjer på oppskrifter som Sogn og Fjordane Bondekvinnelag har samla inn. I boka vil du finne:
224 sider om matarven frå Sogn og Fjordane
323 oppskrifter, ein matskatt utan like
rundt 200 foto, dei fleste i fargar
Du vil finne omtale og oppskriftar om korn og mjøl, mjølk, kjøt, fisk, poteter, grønsaker, frukt og bær, drikke og dessertar. Det er lagt vekt på ei brei omtale av mattradisjonar, ikkje berre sjølve oppskriftene, noko som forfattarane har fått gode tilbakemeldingar om. Tittelen på boka tilseier at boka har ei generell interesse for heile .fjordfolket. langs Vestlandskysten og andre med interesse for Vestlandsmat, ikkje berre dei som bur i Sogn og Fjordane
Forlag Selja forl.
Utgivelsesår 1999
Format Innbundet
ISBN13 9788291722061
EAN 9788291722061
Omtalt sted Sogn og Fjordane
Språk Nynorsk
Sider 224
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket9 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket