Omtale fra forlaget
"Fengselsprestens krig" er historia om pastor Bjarne Norheim sin krig og strid - under og rett etter andre verdenskrig.
Under krigen er Bjarne Norheim (1905-1991) som kapellan i Eidskog og Lillehammer utsett for forfølging og forhøyr av nazi-politi og prost. Men han blir også boren fram av menigheit, konfirmantar og deira foreldre.
Etter krigen er han fengselsprest for arresterte nazistar - på Lillehammer, Ilseng, Elverum og i Trysil. Han omtalar seg som "berre ein menig soldat". Som ein liten prest i den store krigen ser han kyrkja og fengselet frå innsida, slik det kjem fram i dagbok, notat og brev. Det er få lyspunkt.
Men lyset fins der han minst ventar: Til nyttårs-andakten i Ilseng leir har to dømte nazistar måla eit bilde "som gjorde den enkle matsalen til noko av ein heilagdom", skriv Norheim i si dagbok. Det er "fredsengelen som med ei palmegrein i venstre hand skrid majestetisk fram frå ein mørk bakgrunn mot morgonggryet. Vegen han ferdast er dekt av rykande ruinar og sundskotne hus". Norheim blir gripen av måleriet, og må berre kjøpe det.
Forlag Svein Sandnes bokforlag
Utgivelsesår 2022
Format Heftet
ISBN13 9788292945841
EAN 9788292945841
Omtalt tid 1939-1945
Omtalt sted Hedmark Lillehammer
Omtalt person Bjarne Norheim
Språk Nynorsk
Sider 150
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket0 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket