Omtale fra forlaget
Borgarkrigen i Syria har så langt kosta hundretusenar av folk livet, og ført mange millionar på flukt. I Farvel, Syria blir du kjend med nokre av dei som har forlate heimlandet sitt. Emil A. Erstad har reist til Midtausten og snakka med religiøse minoritetar, einslege kvinner, homofile og opposisjonelle. Mange av desse kan ikkje få trygge liv i nærområda til Syria, samtidig som Norge og andre europeiske land gjer det vanskelegare for flyktningane å krysse grensene.
Boka fortel om forskjellen mellom dei ulike flyktningane, og kven vi har plikt til å hjelpe. Den gir også verdifulle innspel til ein betre flyktningpolitikk for Norge og verda. Farvel, Syria er ei bok som både vil røre deg og gjere deg klokare.
Emil A. Erstad (f. 1991) er tidlegare leiar i KrFU og rådgivar for internasjonale spørsmål i tankesmia Agenda. Han studerer samanliknande politikk, og sit i KrF sitt internasjonale utval.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2016
Format E-bok
ISBN13 9788252190731
EAN 9788252190731
Språk Nynorsk
Sider 286
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
Ingen diskusjoner ennå.
Start en diskusjon om verket Se alle diskusjoner om verket2 bokelskere følger dette verket.
Se alle bokelskere som følger dette verket